Pregled posta

Adresa bloga: https://blog.dnevnik.hr/mrvice

Marketing

Varg objavio detalje o ubojstvu Euronymousa


Evo original norveški tekst, detalje dalje donosim kad ga prevedem.

Greven skryt av drap
Varg Vikernes har publisert detaljerte tekstar på nettet om korleis han drap sin rival "Euronymous" med kniv. Det kan føra til at han ikkje blir lauslaten på prøve, slik han krev.

Publisert 13.02.2006 08:58. Oppdatert 13.02.2006 09:17.
SE OGSÅ:
Varg Vikernes tatt


ALT OM:
Varg Vikernes
Region - Bergen

Av Eli Bjelland

Med hjelp frå ein ven i Moskva har Varg Vikernes, kjend som Greven, klart å publisera ei lang rekkje skrifter om sine tankar og idear frå cella si i Tronheim fengsel.


Varg Vikernes, også kjend som Greven. (Foto: Foto: Cornelius Poppe/Scanpix)
Meir detaljert enn i retten
Tekstane handlar ifølgje Aftenposten for det meste om fascistisk filosofi, raseteori og om korleis han sjølv er å sjå på som ein forfølgd dissident som blir holdt innelåst for sine meiningar.

I eitt av manuskripta fortel Vikernes i detalj om kvifor og korleis han blei drapsmann i 1993.

Desse skildringane skal ifølgje Aftenposten vera langt meir detaljerte enn den forklaringa han gav i retten i 1994.

Han fortel fargerikt om korleis han drap rivalen "Euronymous" med kniv, om flukten, om rettssaka og om si rolle som offer for ein stat som ifølgje han sjølv heile tida har vore ute etter å ta han.


- Feigheten hans gjorde meg sint
Her er eit utdrag frå Greven sine skildringar av sjølve drapet:

"(...) i det øyeblikk det ikke gikk hans vei så flyktet han i stedet for å slåss som en mann. Slikt er noe jeg alltid har mislikt sterkt." (...) "Euronymous løp ned en trappeavsats og stoppet for å ringe på naboens dørklokke. Han skjønte fort at jeg kom etter ham og fortsatte å rømme ned trappen mens han banket i veggene, forsøkte å ringe på dørklokkene mens han løp forbi og skrek om hjelp. Jeg stakk ham tre eller fire ganger i hans venstre skulder - det var uansett den eneste delen jeg kunne treffe mens vi løp.

(...) Han hadde vist sin intensjon om å drepe meg, og selv om han der og da ikke lenger var en direkte trussel, følte jeg ikke at det var galt å drepe ham. Feigheten hans gjorde meg sint og jeg så ingen grunn til å la ham leve - ikke når han hadde vist sin intensjon om å drepe meg."


Går til sak for prøvelauslating
Sjølv om Greven gjer det klart at han ikkje angrar drapet, førebur han seg no på å gå til sak mot staten dersom han ikkje får søkja om prøvelauslating.

Kriminalomsorgen meiner han ikkje kan søkja prøvelauslating før hausten 2008. Han sjølv hevdar at han har rett til dette allereie i år.

- Klagesaka ligg no i departementet. Dersom me ikkje får medhald der, vil det bli reist sak ved dei ordinære domstolane om dette, stadfestar advokat Thomas Berge ved Advokatfirmaet Elden til Aftenposten.


Kan svekka saka hans
Regionsdirektør Asbjørn Roald i Kriminalomsorgen region nord trur skildringane til Vikernes på internett svekkar saka hans.

- Det er jo ikkje det luraste han kunne ha gjort, og det vil ikkje styrka kreditten hans for å seia det slik, meiner han.

Vikernes fekk 21 år fengsel for drapet i 1993.




Post je objavljen 23.02.2006. u 11:31 sati.